Theresa fra Tyskland fortel om nye utfordringar og opplevingar hos vertsfamilien i Sogn.
Før eg fortell litt meir om kva eg har opplevd her i Norge, seie eg litt om kven eg eigentleg er. Eg heiter Theresa, er nesten saukjan (sytten), som de kan sjå snakkar eg sognemål. Og nei, det ikkje er ein rar dialekt , det er den beste dialekten det finst i Norge. 😉 Det kan sikkert diskuterast, men no veit de meininga mi.
Akkurat no bur eg på Barsnes, det er den finaste plassen i det heile indre Sogn. Vertspappaen min driv ein liten hage (eg synes at han er stor!) med frukt og sauer. Det var noko heilt nytt for meg. Det er ikkje sånn, at eg har aldri sett frukt (eple og plommer) og sauer før, men det var likevel nytt for meg, at ein har det sjølv. Når eg hadde komme hit begynte fruktavlinga, eg har aldri plukka eple og plommer før, så det var skikkeleg spennande for meg å gjere det. Og særleg når me har laga vår eigen eplejucie. Det var så fasinerande å sjå, korleis ein laga eplejucie og kor fort det eigentleg går. Ein ting var òg veldig kjekt å sjå, det var når me laga eplejucie, då blei fruktkjøttet att som ,avfall’, og dette fekk sauene , sjølv om det har begynt å gjære. Slik at av og til sauene blei fulle, og dei gjekk på ein veldig morosam måte.
Vertspappaen min driv med sauer. Om hausten var tida der me leita etter sauene våre. For ei oppleving, for meg iallfall! Det regna utruleg masse, men me kunne ikkje venta til det var betre vær. Så me gjekk ein ekstremt bratt bakke opp der me trudde sauene var, men på den første plassen såg me ikkje nåken sauer, så me gjorde ei pause med nistematen vår. Skiva mi hadde sjølvsagd brunost som pålegg, elles var det varm sjokolade og Kvikklunsj. Skikkeleg norsk.
Etterpå gjekk me litt opp igjen og der fant me faktisk sauer, og dei var våre! Då delte me oss og halvparten venta med dei sauene me hadde allereie funne og to leita etter fleire. Eg skulle venta, men i det området vaks det så mange blåbær, og eg begynte å plukka og eta dei. Heilt fordjupa i å plukke blåbær fekk eg ikkje heilt med meg at de andre hadde kome tilbake og at dei gjekk vidare. Sauene var nesten nede når eg begynte å springa etter dei. Eg hadde aldri trudd at sauene kunne springe så fort, og vegen ned var endå verre enn opp. Det var ekstremt glatt, fordi graset var så vått. Etter kvart var eg våt frå øvst til nedst og dekka til med gjørme. Etter ei lita stund med å gli og å rutsje ned bakken (ofte og på rumpa mi), var me nede igjen. Me såg ut som om me har velta oss i gjørma som griser, men me var lukkelege, og eg var ganske stolt av meg sjølv for at eg klarte det!
Ein får ingen opplevingar utan å ta nokre utfordringar – den setninga er så sann. Eg har opplevd ganske mykje, og mykje var heilt nytt for meg, men derfor var (og er) det ofte litt som eit hopp i iskaldt vatn. Men det eg kan seie er at eg aldri angra det eg gjorde.
I am sure this post has touched all the internet people, its really really nice post on building up new web site. akdeccecddfd